Delårsrapport & rekneskap 1. kvartal 2011

1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank vil frå 1. kvartal 2011 avlegge
rekneskap etter reglane om delårsrapportering i
internasjonale rekneskapsstandardar, IFRS
(International Financial Reporting Standards).

Rekneskapet vil då bli utarbeida i samsvar med
International Financial Reporting Standards (IFRS) og
fortolkingar frå IFRS fortolkingskomité (IFRIC), som
er fastsett av EU. For det avlagde rekneskapet er det
ingen forskjellar mellom IFRS som fastsett av EU og
IASB. Rekneskapet er utarbeida basert på historisk
kost prinsippet med følgjande modifikasjonar:
revaluering av tomtar, finansielle derivat og
finansielle eigendelar og forpliktingar er vurdert
til verkeleg verdi over resultatet. Banken er ikkje
konsern og fører soleis berre selskapsrekneskap.
Banken vurderer verksemda i banken som ei samla
verksemd.

Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før
skatt på NOK 0,85 mill. pr. 31.03.2011, mot NOK 5,29
mill. pr.31.03.2010. Det skuldast i all hovudsak at
banken kunne inntektsføre NOK 2,90 mill. 1. kvartal
2010 under posten pensjonar som ei følgje av ny
pensjonsordning (AFP). I tillegg var det noko høgare
tap på utlån og garantiar i 1. kvartal 2011. Resultat
av ordinær bankdrift (driftsresultat før skatt -
kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr. 31.03.2011
var NOK 4,20 mill. svakare enn pr. 31.03.2010.
Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 31.03.2011 på 1,17 %.

Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god. Banken
har sikra seg NOK 60 mill. i ny kjernekapital gjennom
konvertible fondsobligasjonar tilpassa Basel III.


2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport & rekneskap 1. kvartal 2011.

3. Vedlegg:
Prinsippendringsnotat IFRS

4. Kontaktpersonar:
Ass.banksjef Karin Vikane tlf. 57648527 / 90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57 64 85 23