Overgang til ny rekneskapsstandard - IFRS

Indre Sogn Sparebank vil frå 1. kvartal 2011 avlegge
rekneskap etter reglane om delårsrapportering i
internasjonale rekneskapsstandardar, IFRS
(International Financial Reporting Standards).

Rekneskapet vil då bli utarbeida i samsvar med
International Financial Reporting Standards (IFRS) og
fortolkingar frå IFRS fortolkingskomité (IFRIC), som
er fastsett av EU. For det avlagde rekneskapet er det
ingen forskjellar mellom IFRS som fastsett av EU og
IASB. Rekneskapet er utarbeida basert på historisk
kost prinsippet med følgjande modifikasjonar:
revaluering av tomtar, finansielle derivat og
finansielle eigendelar og forpliktingar er vurdert
til verkeleg verdi over resultatet. Banken er ikkje
konsern og fører soleis berre selskapsrekneskap.
Banken vurderer verksemda i banken som ei samla
verksemd.

Utarbeiding av rekneskap i samsvar med IFRS krev bruk
av estimat. Vidare krev bruk av selskapet sine
rekneskapsprinsipp at leiinga må utøva skjøn. Område
som i høg grad inneheld slike skjønsmessige
vurderingar eller høg grad av kompleksitet, eller
område der føresetnader og estimat er vesentlege for
rekneskapet, vil verte gjort greie for i note i
årsrekneskapen.

For nærare informasjon om omlegging til IFRS-standard
og val av IFRS-prinsipp, sjå vedlagde rapportar:
* Prinsippendringsnotat IFRS
* IFRS-prinsipp pr. 01.01.2011


Indre Sogn Sparebank sitt første årsrekneskap etter
IFRS vil vera årsrekneskapen for 2011, med
samanlikningstal for 2010. Opningsbalanse etter IFRS
er i samsvar med dette etablert pr 01.01.2010. Både
opningsbalanse og samanlikningstal er utarbeida etter
dei prinsipp og reglar som er vedtekne å gjelde for
årsrekneskapen 2011.

Delårsrapport og rekneskap for første kvartal 2011
vil bli offentleggjort fredag 29. april 2011.


Vedlegg:
Prinsippendringsnotat IFRS
IFRS-prinsipp pr. 01.01.2011