Delårsrapport 4. kvartal 2016

Styret har handsama banken sitt rekneskap for 4.
kvartal 2016 i styret 13.02.2017.

1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank (ISSB) fekk eit driftsresultat
før skatt på MNOK 19,17 pr. 31.12.2016, mot MNOK 21,59
pr. 31.12.2015. Betre rentenetto og auka utbyte gir
positive bidrag til resultatet medan auke i personal-
og driftskostnader gir eit negativt bidrag til
resultatet. Banken har i 2016 motteke mindre
provisjonsinntekter frå Eika Boligkreditt AS i samband
med formidling av lån i bustadkredittselskapet, dette
utgjer MNOK 2,93.

Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før
skatt - kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr.
31.12.2016 var MNOK 19,32, mot MNOK 22,91 pr.
31.12.2015. Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 31.12.2016 på 5,30 %.
Styret sitt avkastningsmål er 8,50 % pr. 31.12.2016.

Totalresultatet pr. 31.12.2016 var MNOK 18,71 mot MNOK
26,18 pr. 31.12.2015.

Kostnadsprosenten pr. 31.12.2016 er 76,57 %.

Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god.

Resultat pr. eigenkapitalbevis i morbank er NOK 8,75.
Styret tilrår eit utbyte på NOK 3,00 pr.
eigenkapitalbevis og NOK 5,75 pr. eigenkapitalbevis
til utjamningsfondet for rekneskapsåret 2016.


2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 4. kvartal 2016.

3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415