Sogn Sparebank justerer utlåns- og innskotsrenter

Med bakgrunn i auka pengemarknadsrenter og den generelle marknadssituasjonen,
har Sogn Sparebank i dag vedteke å gjennomføra ei justering av utlåns- og
innskotsrentene sine på inntil 0,25 prosentpoeng.

For eksisterande kundar i Eika Boligkreditt AS (EBK) vil renteendringa tre i kraft
frå 16. mai 2019.
For eksisterande kundar i banken vil renteendringa tre i kraft frå 7. juli 2019.

Alle kundar som får renteendring, vil motta brev om dette eller informasjon i
nettbanken om korleis renteendringa påverkar lånet deira.

Ny beste rettleiande bustadlånsrente blir 2,60 % til unge bustadkjøparar.

For ytterlegare informasjon, ver venleg kontakt:
Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 91374994 eller
Leif Bungum, tlf. 57698864.

Denne opplysningen er informasjonspliktig etter verdipapirhandellova § 5-12.