Sogn Sparebank endrar rente på utlån og innskot

Med bakgrunn endringar i styringsrenta og uroa i rentemarknaden, har Sogn Sparebank vedteke å gjennomføre ein reduksjon av utlåns- og innskotsrentene på inntil 0,35 prosentpoeng.

For nye lån gjeld endringa frå den 23. mars 2020.
For eksisterande lån vil renteendringa tre i kraft frå 05. mai 2020.
For innskot vil renteendringa tre i kraft frå 12. mai 2020.

Alle kundar som får renteendring, vil motta brev om dette eller informasjon i nettbanken om korleis renteendringa påverkar lånet deira.
Ny beste bustadlånsrente blir 2,50 % p.a. til unge bustadkjøparar (førsteheimslån).

For ytterlegare informasjon, ver venleg kontakt:
Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 98214740 eller
Leif Bungum, tlf. 57698864.

Denne opplysninga er informasjonspliktig etter verdipapirhandellova § 5-12.