Fremtind Forsikring og Eika Forsikring slår seg saman
Fremtind Forsikring AS og Eika Forsikring AS, og deira respektive eigarar SpareBank 1 Gruppen AS, DNB Bank ASA og Eika Gruppen AS, inngikk 12. desember 2023 ein intensjonsavtale om å slå saman dei to selskapa, som annonsert i børs-/pressemelding frå Fremtind Forsikring AS og Eika Forsikring AS i dag. Det samanslegne selskapet vil heite Fremtind Forsikring, og det vises til nemnte børs-/pressemelding for ytterlegare informasjon om den planlagde samanslåinga.
Sogn Sparebank eig 2,25 prosent av aksjane i Eika Gruppen AS, som etter gjennomføring av transaksjonen vil eige 20,10 prosent av aksjane i Fremtind Holding.
Målt mot siste verdivurdering er transaksjonen ein foreløpig berekna verdiauke på aksjen i Eika Gruppen AS på om lag 18 prosent, tilsvarande om lag 1,1 milliardar kroner. Sogn Sparebank sin andel av denne auken (2,25 prosent) utgjer ca. 24,7 millionar kroner og blir resultatført over utvida resultat i banken sin rapport for fjerde kvartal.
Samanslåinga er avhengig av at partane inngår ein transaksjonsavtale med tilhøyrande dokument. Partane har allereie framforhandla tilnærma ferdige utkast til avtaleverket, og transaksjonsavtalen er forventa inngått tidleg i første kvartal 2024. Gjennomføringa av transaksjonsavtalen vil mellom anna vere avhengig av at partane oppnår samtlege naudsynte myndigheitsgodkjenningar utan vilkår som er vesentleg tyngande. Det er forventa at transaksjonen tidlegast vil kunne gjennomførast sommaren 2024.
For mediehenvendelser, ta kontakt med:
Adm. Banksjef Mads Indrehus, Adm. banksjef tlf. 909 50 615, mai@sognbank.no
Denne informasjonen inneheld innsideinformasjonen i henhald til EU si marknadsmisbruksforordning og er informasjonspliktig etter verdipapirhandellova § 5-12