Kvartalsrapportering 1.kvartal 2024

Sogn Sparebank – Kvartalsrapportering 1.kvartal 2024

1. SAMANDRAG
Sogn Sparebank legg fram eit driftsresultat før tap på 29,0 mill. kroner pr. første kvartal 2024. Driftsresultatet er 4,8 mill. kroner betre enn første kvartal 2023.

Banken har pr. 31.03.2024 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med 3,6 mill kroner. Banken rapporterer eit totalresultatet pr. 31.03.2024 på 18,3 mill. kroner etter skatt.

2. Q1 - 2024 Forholdstal

• Resultat før tap: 29,0 MNOK
• Resultat etter skatt: 18,3 MNOK
• Eigenkapitalavkastning: 7,0 %
• Rentenetto: 45,6 MNOK
• Kostnadar i forhold til inntekter: 47,0 %
• Rein kjernekapitaldekning: 23,73 %
• Forteneste pr. eigenkapitalbevis morbank: 4,00 NOK
• Utlånsvekst siste 12 mnd: 6,7 %
• Innskotsvekst siste 12 mnd: 2,2 %

3. HOVUDRAPPORT
Sjå vedlegg for komplett Delårsrapport og rekneskap Q1-2024.

4. KONTAKTPERSONAR
Adm. banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf. 90950615
Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 91374994

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter og privatpersonar.