Godt driftsresultat og stabil aktivitet, men bokføring av resterande del av allereie vurderte og publiserte tapsføringar dreg ned resultat før skatt.
Resultat
Banken sitt resultat før tap og skatt er på 10,6 millionar kroner ved kvartalsskiftet. Det er ein resultatnedgang på 5,9 millionar kroner samanlikna med 2024. Dette er i hovudsak knytt til reduserte renteinntekter frå bankens utlånsportefølje på eige bok, som har hatt ein negativ 12 månaders vekst på 15 prosent. Ein stor del av reduksjonen er i BM-portefølja.
Som vist til i børsmelding først av 15. november 2024 og vidare av 14. februar 2025 har det i samband med den pågående fusjonsprosessen vore vurdert alle bankens største bedriftsengasjement og i reforhandlinga av bytteforholdet har ytterlegare risikopunkter i utlånsporteføljen vore diskutert. Det vart krav om at usikkerhet i vurderinga skal takast omsyn til i prosessen.
Då banken la fram årsresultatet for 2024 vart det i årsmeldinga informert om at det føreligg usikkerheit som kan påverke bytteforholdet i fusjonsprosessen. Banken estimerte eit ytterlegare tap på 35 millionar kroner, som var vurdert å vera ei hending etter balansedag, og som er bokført i første kvartal 2025.
Dette gjev eit negativt resultat av ordinær drift etter skatt på 23,8 millionar kroner, som gjev ein negativ eigenkapitalavkastning på 18,2 prosent.
Innskot
Innskota er stabile og banken har god likviditet. Ved utgangen av 1. kvartal 2025 er innskotsdekninga på 91,2 % (53,3% inkl. utlån via EBK).
Soliditet
Banken ligg over myndighetskravene for soliditet, tross store tapsavsetningar, med ein konsolidert rein kjernekapitaldekning på 16,95 % vs. eit krav på 15,9%. Banken oppfyller gjeldande lovkrav, men er under bankens styringsbuffer. Basert på kapitalprognoser ved berekning av effekter ved innføring av CRR og styrt utlånsvekst forventer banken å vera innafor styringsbufferen igjen i løpet av 2025.
Likviditet
Banken har god likviditet og har plassert likviditetsreservar i bank- og obligasjonsmarknaden. Banken sin LCR er 1.058 ved kvartalsskiftet, som viser god likviditet.
Fusjonen med Haugesund Sparebank
4. mars 2025 vedtok styra i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank ein ny og justert plan for sammenslåing av bankene (fusjonsplan). Samanslåinga av Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank er vedtatt av forstandarskapet i Tysnes Sparebank og generalforsamlinga i Haugesund Sparebank den 10. april 2025. Partane forventar at gjennomføring av samanslåinga skjer 1. september 2025 og me har tru på at dette vil forsterka banken og posisjonen i den lokale marknaden vår.
Utsikter framover
Tysnes Sparebank har vore gjennom krevjande siste halvår 2024 og første kvartal 2025, og har gjort større avsetjingar for framtidige potensielle tap samt konstatering av tap. Den underliggjande bankdrifta er fortsatt god. I tida framover vil hovudfokus vera å oppretthalda ei god drift og ha oppfølging på kredittveksten for å sikra soliditet og likviditet.
Me set kursen retta mot samanslåing med Haugesund Sparebank og gode utsikter til eit utviklande samarbeid med ein solid grunnmur, ei trygg hamn og fortsatt drift av lokalbanken i ei ny utgåve, men like tilgjengeleg, engasjert og verdiskapande.
Dersom det er spørsmål til børsmeldinga eller kvartalsrapporten ta kontakt med
• Konstituert banksjef Wenche Vik Thorson, telefon 971 06 247 (wth@tysnes-sparebank.no)
• Økonomisjef Karoline Dalen, telefon 975 48 996 (kda@tysnes-sparebank.no)
• Styreleiar Bente Raknes, telefon 452 52 954
Tysnes, 14. mai 2025
Wenche Vik Thorson Konstituert Banksjef